– Eg brukar å skryte av at eg er den einaste transpersonen på Voss.

Anne håpar fleire vil stå fram som trans.

– Det finst ikkje farleg å stå fram, seier hen.

Anne (80): Mannen som vart kvinne

Heilt fram til hen var 69 år gammal, skjulte Arne Ukvitne at hen likte å kle seg som ei kvinne. No har Arne blitt Anne på heiltid. 

Når vi går gjennom Vangsgata saman med Anne denne vårlege onsdagen verkar det som “alle” kjenner Anne. Det er helsingar, nikk og smil.  

– Eg håpar fleire skal tørre å stå fram som trans. Dei kan berre kome til meg og fortelje. Det finst ikkje farleg å stå fram. Eg har fått så god respons. Det var nokon få som var skeptiske i byrjinga, men etter ei stund såg dei at dette var ekte. 

Men det finst også dei som har brukt lang tid på å vende seg til at Arne også er Anne. 

– Ein kamerat har ikkje helst på meg siden eg sto fram. Eg har alltid sagt hei, men eg har ikkje fått svar tilbake. Eg trur han synest dette har vore litt vanskeleg. Men i går helste han på meg, seier Anne og er tydeleg rørt. 

– Han nikka då eg køyrde forbi!

Arva bil frå far

Det er eit historisk sus over det når Anne setter seg i den raude bilen og køyrer ned til Voss sentrum og langs Vangsvatnet. I november 1970 vann Brynjulv Ukvitne 28.000 kroner i Tipping. 12.desember same år kjøpte han ein Ford Cortina 1971-modell. 

– Han betalte 27.500 kroner for den, så han satt igjen med 500 kroner etter gevinsten. Min far passa veldig godt på bilen. Då han døde, lova eg å passe på den. 

Før brukte hen å køyre langs Sognefjorden og over Vikafjellet. No har hen slutta med det og dreg heller på korte turar i nærområdet. Bilen får berre kome ut av garasjen på godvêrsdagar. 

– Eg brukar å parkere nede på Vangen. Bilen får mykje merksemd, særleg om sommaren når det er engelske turister her. Når eg ser at folk tek bilete av bilen, fortar eg meg bort og spør om dei vil ha bilete av eigaren også, seier Anne og ler.

Dottera som aldri kom

I 1942 kom Arne til verda midt under krigen på ein gard på Voss. Jordmor måtte kome heim til dei. Mora hans fekk vite at ho ikkje kunne få fleire barn. Mange år seinere går Arne og mora arm i arm på tur. Mora hadde fått demens og slutten nærma seg. 

– Då vi gjekk sånn arm i arm fortalde ho meg at “det var no i grunnen ei dotter eg hadde ynskja meg”. Eg har lurt på om eg skulle ha fortald ho alt då. Men eg torde ikkje, i frykt for korleis ho ville reagere. 

Då dei to gjekk i arm i arm på Voss, var det det ingen som visste at Arne var transperson. 

Transperson brukast om personar som har ein utsjånad eller identitet som uttrykkjer eit anna kjønn enn det dei vart registrert som ved fødsel. For Arne betyr det at hen er to personar i éin. Hen er både Anne og Arne. 

Då foreldre var godt oppe i åra, budde Arne kjellerleiligheita i huset deira. Hen var på jobb og hjalp foreldre på dagtid. Om kvelden brukte hen å ta på seg dameklede. Hen venta til det vart mørkt. Hen hadde alltid ei joggebukse og ein gensar hen kunne ta på i full fart over damekleda viss hen høyrde mor si på veg ned trappa.

PRESLEY: Elvis var den store helten då Arne var konfirmant.

Slitsam gøymeleik

– Det var slitsamt å skulle skjule kven eg var. Eg likte å kle meg i dameklede, å sminka meg og pynta meg, seier Arne som no har blitt til Anne. Men det skulle ta mange år før det skulle skje. Fyrst levde Arne eit langt liv på sjøen og som ektemann. 

Arne mønstra på sin fyrste båt då hen berre var 15 år og 152 centimeter høg. Hen seilte i heile verda. Turnusen var gjerne slik at hen var eitt år eller litt meir på båten og så to månader heime. 

Hen gifta seg med si Berit på ein laurdag og allereide søndag kveld reiste hen til Oslo og satte kursen mot Hong Kong. Då skulle hen vere på båten i 14 månader. 

Etter kvart kom to søner til, Bjørn og Sverre. Eldstemann fekk vere med på båten berre fem månader gammal. Både sonen og kona var med. Rederiet der hen jobba la til rette for at koner og born kunne vere med.

HESTEKREFTER: – I den girspaken er det 30.000 hestekrefter. Det er på havet mellom Japan og Korea, fortel Anne.
STYRMANN: På Ship Julian var Arne tredjestyrmann.

SOLBRUN: Dette bilete er frå Dubai, i 1975 eller 1976. Arbeidsantrekket er tilpassa temperaturen.

Storsjarmøren i Italia

– Eg hugser vi gjekk på land i ein liten by i nærleiken av Genova i Italia. Vi hadde sonen vår med i ein bærebag og gjekk inn på ei sjappe der. Han fekk så masse merksemd. Han vart storsjarmør, seier Anne og smiler. 

Arne elska livet på havet. Men etter tretti år var det slutt. 

– Me vart oppsagt midt ute på Stillehavet. Me skulle byttast ut med filipinarar. Det var den tristaste dagen i mitt liv. Aldri mer skulle eg vere på havet. Eg likte veldig godt alt arbeidet der, det å segle gjennom trange farvatn, lasting og lossing ved hamnar i heile verda. 

Arne og kona vart skilt då gutane var små, og dei budde hjå mor si på Voss, men Arne hadde god kontakt med dei då hen var heime. Då livet som sjømann var over, var det Voss på heiltid og hen fekk jobb på ærverdige Fleichers hotell. 

I 32 år jobba Arne som resepsjonist her, heilt frem til hen i 2019 takka for seg. Då var hen 77 år gammal. 

To gullklokker

–  I 2013 fekk eg gullklokke frå Fleicher’s hotel. Då hadde eg jobba der i 25 år. Eg fekk gullklokke i 1979 for arbeidet som sjømann for Reksten også. Då hadde eg jobba der i 20 år. Eg fekk eit telegram då vi var på veg til Cape Town. Vi feira med hummer og vin, fortel hen.   

Då Arne fekk jobb på hotellet var det framleis ingen som kjente til at hen foretrakk å vere kvinne. Det skulle gå enda mange år i uniformsbukse og hvit skjorte, før Arne tørte å vise seg som Anne offentleg. 

TV-programmet Jentene på Toten skulle verte avgjerande for at Arne turde å vise fram Anne. Dokumentarserien handlar om ti transpersonar og deira liv. Serien vart fyrste gong sendt på NRK våren 2010. 

– Eg husker den dagen eg bestemte meg for å stå fram. Det var like etter at eg hadde sett ferdig dokumentarserien. Det var mai og fint vêr. Eg tok på meg sommarklede. Eg trur det var eit skjørt. Så køyrde eg ned til kyrkja, parkerte der og gjekk heile Vangsgata fram og tilbake. Eg stoppa ikkje medan eg gjekk. Så køyrde eg hjem. Eg var berre så glad og letta då eg kom heim. Endeleg kunne eg berre vere meg sjøl og ikkje skjule meg meir, seier Anne Ukvikne. 

PYNTE SEG: Sminke og negelakk er eit «must».

Voss sitt svar på Champs-Élysées

Arne viste seg fram som Anne i sjølvaste paradegata på Voss. Der og då tok hen eit standpunkt om at hen skulle vere åpen om legninga si som trans. Inntil då var det berre venninna Maria Ullestad, som hadde parfymeri og klesbutikk i Vangsgata, som visste om legninga. No skulle alle få vite. 

På ein måte kunne den maidagen vore i går, fordi hen hugsar det så tydeleg. På ei anna side er det lenge sidan, fordi hen lever eit heilt annleis liv no. 

I PRAT PÅ KAFEEN: – Vi har ikkje rett til å døme folk. Det er opptil oss korleis vi oppfører oss, seier Jorunn Ringheim. Ho kjenner Anne godt og synst det viktig at Anne vert møtt med respekt av alle.

Den einaste transpersonen på Voss

– No pleiar eg å reklamere med at eg er den einaste trans-personen på Voss. Det var éin til, men ho er død. 

Frå 2010 til 2019 var hen Arne på jobb på hotellet og Anne på fritida. Arne gjekk i uniform og tok imot gjestar på hotellet. Anne tok sminkekurs og gleda seg til postordre-klede. 

– Anne er yngre enn Arne. Eg brukar å seie at ho er 59 år. Anne er ung, positiv og har godt humør. 

No er Arne nesten heilt borte. For eit år sidan skifta hen namn frå Arne til Anne i folkeregisteret. 

– Då eg slutta på hotellet, slutta eg å gå med herreklede. Her om dagen kom eg over ti kvitskjorter. Då kaste eg alle unntatt ei. Den brukar eg i tilfelle eg skal vere Arne. 

Gjekk i gravferd som Arne

Nylig var hen i ei gravferd til ein ven frå livet som sjømann. Då var det på med den einaste kvitskjorta.
– All den tid kameraten min kjende meg som Arne, syntes eg det var riktig å vere der som Arne. Etterpå var det fleire som kom bort til meg og syntes det flott gjort av meg å vere der som Arne. 

Gjennom å vere open, håpar 80-åringen å bryte ned fordommar. 

Eit nyleg opphald på sjukeheimen på Voss beviser at hen har klart å skape opeheit kring trans-legninga si, og kanskje gjort Voss til ein plass der ein tør å snakke om slikt.  

PARADEGATA: Her i Vangsgata viste Anne seg offentleg for fyrste gang. 

Fekk dameklede på sjukeheimen

80-åringen har hatt god helse heile livet, men hausten 2021 kunne det gått heilt gale. Hen kjende smerter i brystet og ringte 113. Hen svimte av medan hen snakka i telefonen. Ambulansemedarbeidarne måtte knuse ei rute for å kome inn. Dei klarte å få liv i hjertet hens. Etter ei veke på sjukehuset kom hen på opptrening på sjukeheimen på Voss. 

– Der kom dei med dameklede til meg. Eg vart så glad, seier Anne. 

Hen sett pris på omtanken frå dei tilsette på sjukeheimen. At hen fekk vere den hen er, også som pasient. 

Dei tilsette kom med både bluser, skjørt og damebukser.
– Men bukse sa eg nei til. Eg har slutta med bukser, seier Anne og ler. 


Faste spørsmål

Kva tenkjer du om tru og religion?  

Eg har besøkt nesten alle sjømannskyrkjene i verda. På Gjøvik var eg ein gong på ein eigen gudsteneste for transpersonar. Eg er verken hedning eller kristen, men eg går i kyrkja. 

Kva er eit godt liv for deg? 

Å få vere den eg er. Å få lov til å smile og snakke med folk, halde meg frisk. Min far var halvveis død i fleire månader. Sjølv tenker eg hjerteinfarkt er den beste måten å dø på.

Korleis har det gått med kropp og helse?

Eg har operert ei storetå, men ellers har jeg ikkje vore syk før eg fekk hjerteinfarkt hausten 2021. I løpet av mine 32 år i jobb på hotellet, var eg borte to dagar frå jobb. Det var den dagen mor døde og den dagen ho vart gravlagt. 

Kva tenker du om døden? 

Eg skal leve lenge! I min familie har vi hatt fleire hundreåringar. For sønene mine sin del lurer eg på om det er best om eg gravleggast som ein mann. Det vert kanskje rart for dei om eg som er far deira skal gravleggast som ei kvinne. 

Kva er ditt sterkeste minne? 

Den dagen eg sto fram. Det var mai og flott vêr og eg gjekk i sommarklede. Eg var også hjå fotograf rett etter eg sto fram. Eg ville så gjerne fotograferast som Anne. Då hadde eg på meg kvit kjole. Eg hugsar eg valde svarte strømper. Eg angra på at eg ikkje hadde lyse strømper.